Uavgjort mot serieleiaren for HFK-damene i Porsgrunn!

Postet av Hallingdal kvinner senior A den 31. Aug 2015


30/8 Urædd 2- Hallingdal FK damer 3-3

Mål HFK: Sunneiv Syversud 2, Anja Flæte

Mål Urædd 2: Sara Elisabeth Idris 2, Martine Rambekk

Corner HFK (2), Urædd 2 (3)

Dommer: Aziz Seker, Gulset IL

Startoppstilling; MV Vilde Granberg HB Hanne Vedvik, MS Camilla Livgård Jensen, Ida Marie Pretorius, VB Tonje L Hagen, Def MB Marthe Botnen, Sunneiv Syversrud Off. MB, Ingvild K Myksvoll, Linnea Johansson Thorset, Anja Flæte, Spiss Mucho Lixiene

Reserver Ingrid Johansson Thorset 10 min, Katrine Mikkelsen 30 min, Silje Modalen 25 min

Urædd 2 er serieleiarar i 3 div BFK/VFK/TFK og første laget deira leder 1 divisjon og ligg godt an til opprykk til toppserien neste år. Urædd hadde mønstra 4 av sine 1.-divisjonspillere til kampen mot Hallingdamene i håp om å revansjere 4-2 tapet som Hallingdamene påførte Porsgrunndamene i vår. Kampposteren utlova og publikumet forventa «payback time» på heimebane. Men HFK damene ville noko anna…





HFK damene starta kampen i eit forrykande tempo og dominerte kampen totalt i første omgang. Urædd 2 sine rutinerte 1.-divisjonspillere vart meir og meir frustrerte. 1-0 til HFK-damene kjem allereie etter 12 minutt da ballen går på 1 touch mellom fleire HFK spelarar før den ender opp hos Ingvild Kvåle Myksvoll som finner Sunneiv Syversrud med ein stikkar. Syversrud gjer ingen feil og set ballen enkelt til side for Urædd 2 keeperen. HFK-damene slår ikkje av på tempoet og Syversrud kan nok ein gong sette ballen til side for keeperen da ho mottek ein flikk frå Mucho Lixiene til 2-0 i det 17 minutt. På dette tidspunktet sender Urædd trenaren alt han har i oppvarming. Han er tydeleg ikkje fornøgd med det han ser. Mucho Lixiene og Anja Flæte har fleire stor sjansar utover i omgangen, men 3-0 kjem etter ein corner frå høgre som Linnea Johansson Thorset slår inn i feltet. Den hamner til slutt hos Flæte som «hamrar» ballen i mål frå kort hold. Før laga går til pause scorar Urædd etter ein svært merkeleg situasjon. Dommar signaliserer offside på ein Urædd speler men bestemmer seg plutseleg for å la spelet gå vidare når HFK-keeper har ballen i hendene. Dette får ikkje HKF- spelarane med seg og ein Urædd speler tar ballen som ligg klar for frispark og ruser mot mål. Granberg reddar og ser ut til å ha begge hender på ballen når angriparen tilsynelatande sparkar den ut av grepet til Granberg. Ein for dagen litt svak dommarinnsats blir ikkje betre av dette.





Laga går til pause på stillinga 3-1 i favør HFK-damene. Urædd gjer 5 stk. bytter i pausa og setter sine 1.-divisjonsspelarar i sentrale posisjoner på banen. Urædd 1 spelarane Synne Lyng og Åse Marit Lia Kasin får etterkvart betre kontroll i bakre rekker og Amalie Snøløs og Sara Elisabeth Idris får meir ballinnehav på midtbana. Kampen jevner seg ut i starten av andre omgangen med nokon mindre sjansar til begge lag. Urædd damene skrur opp tempoet og tar over midtvegs i andre omgang og Sara Elisabeth Idris scorar 3-2 via stolpen etter ein litt dårlig klarering i HFK-forsvaret. Same Idris kan utlikne med ca. 10 minuttar igjen av kampen til 3-3. Begge lag begynner å merke «kjøret» og det blir gjort ein del enkle feil på begge lag. Urædd 2 har eit visst press mot HFK-målet utan å være direkte farlege på slutten av kampen.





Kampen ender 3-3, eit resultat som er svært bra av HFK-damene til tross for at vi slepper ein 3-0 ledelse. Urædd 2 sitt lag er eit godt ungt lag som speler ein fin og tempofylt fotball. Det har vore to artige kampar mot Urædd 2 i år der begge lag vil spele teknisk med mykje bevegelsar og hurtig pasningspel. HFK-damene ligg fortsatt på 4. plass i serien. HFK-damene skal møte tabelltoer Barkåker i Hemsedal neste laurdag kl. 17:00. Vi håper at mange tek turen dit for å støtte jentene mot eit rutinert lag med tidlegare toppseriespelarar.



Referat: Henrik Johansson Thorset
Bilder: Trond Albert Bleken

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.