Uavgjort i siste seriekamp!

Postet av Hallingdal kvinner senior A den 19. Okt 2015




18/10 Tønsberg FK damer – Hallingdal FK damer 3-3(3-1)

Tønsberg stadion

Dommar: Nils Egil Vedvik, Ål il

Mål HFK: Mucho Lixiene 2, Sunneiv Syversrud

Corner HFK (3), Tønsberg FK (4)

Gule kort HFK; Ida Marie Pretorius, Tønsberg nr 20

Startoppstilling; MV Vilde Granberg VB Tonje Hagen, MS Camilla Livgård Jensen, Ida Marie Pretorius, HB Tonje Intelhus, Def MB Sunneiv Syversrud, Marte Botten, Off. MB, Hanne Vedvik, Linnea Johansson Thorset, Ingvild Kvåle Myksvoll Spiss Mucho Lixene,

Reserver: Ingrid Johansson Thorset, Åsne Børtnes

HFK-damene skulle møte Tønsberg FK i sin siste kamp denne sesongen. HFK var til denne kampen noko redusert på grunn av skader og sjukdom i troppen. Det skulle vise seg at damene måtte jobbe hardt mot eit ungt og godt lag frå Tønsbrg som berre har eit tap på heimebane heile sesongen. Tønsberg har vist bra form i haust og har slått både serieleiar Urædd 2 og serietoar Lier heime på Tønsberg stadion i år.

Tønsberg startar kampen i eit forrykande tempo og ruller opp fleire gode angrep på sin høgre side i starten av kampen. Tønsberg tar leiinga etter fine kombinasjonar på høgre kant og ein pasning 45 grader ut som enkelt kan plasseras bak HKFs beste spiller for dagen keeper Vilde Skrindo Granberg. Tønsberg fortsetter der dei slapp, er raske og pasningsdyktige. Dei kjem til fleire gode sjansar dei første 15 minuttane. HFK-damene får etter kvart opp tempoet og skapar fleire gode sjansar dei òg. Det er Sunneiv Syversrud som sørgjer for 1-1 da ho rundar eit par spelarar og plasserer ballen lekkert til side for Tønsberg keeperen. Like etterpå lurar Ingvild Kvåle Myksvoll offsidefella til Tønsberg og ho får stå aleine med keeper på 7 meter, men keeper klarer så vidt å vippe ballen til side for stolpen. HFK-damene er no for fullt med i kampen. Så er det Linnea Johansson Thorset som får ein stor sjanse til å sørgje for HFK leiing, men skotet går dessverre via tverrligger og ut. Når HFK i stor grad styrer spelet er det Tønsberg som tar leiinga igjen. Scoringa kjem litt ut av ingenting og nok ein gang er det frå sin kjappe høgre kant det skjer. Ballen blir spelt langs kortlinja og finn en umarkert Tønsberg spelet og det står 2-1. Dette gjer vertane ein vitamininnsprøyting og dei presser på for fleire mål. 3-1 er ein delikatesse! Tønsberg kombinerer fint og ballen går på ein «touch» fem-seks gangar før den finn ein Tønsberg speler aleine på ca. 7 meter. Laga går til pause på stillinga 3-1.

I starten av andre omgangen blir det i stor grad ein stillingskrig og kampen er tett og jamn. Når HFK midtvegs i omgangen legg inn ein offensiv sluttspurt opnar det seg litt i vårt forsvar og Tønsberg er farlig frampå fleire gongar. Med 20 minuttar igjen så flytter HFK enda fleire spelarar høgare opp i banen. Dette gir utelling. Mucho Lixiene kan redusere etter presist gjennomspel frå Syversrud. HFK fortsett presset og både Syversrud og Lixiene er nær ved å score igjen. Det drøyer til det 88 minuttet før kvitteringen kjem. Nok ein gong finn Syversrud Lixiene med eit flott gjennomspel. Lixiene i duell med Tønsberg stopparar blir ein «lett» match og ho kan plassere ballen til høgre for Tønsbergs keeper. Kampen ender 3-3. Eit resultat som vi med dagens føresetnadar kan være fornøgde med.

Med resultatet i dag sørgjer HFK-damene for at dei tar fjerdeplassen på tabellen. Vi er svært godt fornøgde med plasseringa på tabellen, men kanskje aller mest med måten vi har opptredd på gjennom heile sesongen. Det har vore både kvalitet, full innsats og bra innstilling i så vel trening som kamp.

Ref. Henrik Johansson Thorset


Tønsbergkampen.jpg

Klare for kamp!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.