Hallingdal kvinner senior A

Hallingdal kvinner senior A

HFK-damene klinket til med seier i seriestarten

Postet av Hallingdal kvinner senior A den 17. Apr 2015

Modum FK- Hallingdal FK damer 2-6(1-3)

Mål HFK:

Ingvild KM,(11)(26), Anja, (37)(75), Ingrid JT,( 65)(87)

Dommar: Vidar Støa, Birkebeineren

Startoppstilling; Vilde Skrindo Granberg, HB Tonje Hagen Lauvdokken (Marie Navrud Engdal 45 min), MS Camilla Livgård Jensen(kap)(Ida MP 30 min) , Ida Marie Pretorius (Silje Juvet Modalen35 min)VB Ingrid Stake,
Def MB Tora Amalie Killingberg, Sunneiv Syversrud, Off MB Hanne Vedvik(Monica Johansen Strand35 min) Anja Flæte, Ingvild Kvåle Myksvoll, Spiss Tonje Intelhus(Ingrid J Thorset 45 min) Reserver Ingrid Johansson Thorset, Monica Johansen Strand, Marie Navrud Engdal og Silje Juvet Modalen





HFK damene tok raskt kommando i kampen og hadde to store sjansar ved Sunneiv Syversrud før 10 min var spelt, etter fine kombinasjonar på uttar begge kantar. Det er derfor fortent når Ingvild Kvåle Myksvoll enkelt kan score 1-0 etter innlegg frå Anja Flæte. HFK har god kontroll på kampen og produserer fleire store sjansar og cornerar, men Modum er litt heldige og scorar 1-1 på eit langskot som går over HFK keeper Vilde Skrindo Granberg. 2-1 til HFK kommer på corner da Kvåle Myksvoll aukar på leiinga etter litt klabb og babb innan 5 meteren. Flæte legger på til 3-1 etter ca 37 minuttar på et flott langskot frå høgrekant. Damene kan dermed gå til pause med en fortent 3-1 leiing.


HFK damene startar andre omgang der dei slapp, og fortsetter å kombinere fint på midtbanen. Modums keeper slepp med skrekken da ho så vidt får vippa ut eit skot av Syversrud frå ca 12 meter. Etter 65 minuttar finn Kvåle Myksvoll Ingrid Johansson Thorset, slår ein stikkar og HFK aukar til 4-1. I det 70 spilleminutt må HFK sin kaptein Camilla Livård Jensen ut med ein kneskade og like etter må Marie Navrud ut med ankelskade. Dette pregar HFK litt, men når Flæte blir spelt igjennom på 16 meteren av Syversrud gjer ho ingen feil og det står 5-1 til HFK. Modum er igjen litt heldige som scorar 5-2 på et nytt langskot, men HFK damene fortsetter å produsere sjansar. Johansson Thorset sett punktum for kampen med 6-2 til HFK etter eit fint forarbeid og pasning frå Flæte i det 87 minutt. Dette var ein solid gjennomført kamp av damene som aldri slapp Modum inn i kampen. HFK hadde kontroll frå kampstart og produserer mange sjansar og flott spel gjennom heile kampen. Litt skår i gleda er skadene vi fekk i andre omgangen, men vi får håpe at begge jentene er raskt tilbake på banen igjen.

Henrik



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc