Hallingdal kvinner senior A

Hallingdal kvinner senior A

Nok ein storseier til HFK-damene!

Postet av Hallingdal kvinner senior A den 6. Okt 2015


4/10 Hallingdal FK damer- Tollnes 8-1

Mål HFK: Sunneiv Syversrud 3, Cheyenne Gonzalez 2, Ingvild Kvåle Myksvoll 2, Mucho Lixiene

Corner HFK (7), Tollnes (1)

Dommar: Emil Huso Opsahl Lillehammer FK

Startoppstilling; MV Ida Berg VB Katrine Mikkelsen, MS Marte Botten, Ida Marie Pretorius, HB Tonje L Hagen, Def MB Sunneiv Syversrud Ingvild K Myksvoll, Off. MB Linnea Johansson Thorset, Cheyenne Gonzales, Hanne Vedvik, Spiss Mucho Lixiene,

Reserver Gro Rasmushaugen, Silje Modalen, Ingrid Stake

Tollnes er tabellkollega med HFK-damene og er eit av fire lag som saman med HFK knivar om fjerdeplassen på tabellen. I vårens kamp i Skien så vant Tollnes med 5-4 etter scoring på overtid. HFK-damene har vist storform dei to siste kampane med seier i begge og 15-0 i målforskjell. Tollnes var redusert til ti kvinner denne dagen og sleit veldig mot HFK-damene på Hallingmo og det skulle gå mot ein ny storseier til damene frå Hallingdal.

HFK starter kampen bra og allereie etter 6 minutt så går damene opp i leiinga da Ingvild Kvåle Myksvoll finner Cheyenne Gonsalez med ein stikker i bakrom. Det går berre eit par minutt til det står 2-0. Denne gongen er det Sunneiv Syversrud som løper i frå eit stilleståande Tollnes forsvar og plasserer ballen sikkert til side for Tollnes’ keeper som f.ø var beste Tollnes spiller denne kampen. Etter 25 minutt er det dags igjen. Dagens beste HFK-spiller Marhte Botten slår ein flott langpasning til Cheyenne Gonsalez som enkelt rundar keeperen og det står 3-0 til HFK. HFK har så fleire moglegheiter til å auka leiinga, men heimepublikum(ca. 40) må vente til det 40 minuttet før HFK scorar på nytt. Denne gongen er det Mucho Lixiene som rundar keeper og setter 4-0, som og er resultatet til pause. En leiing som godt kunne vore større utan godt keeperspel frå Tollnes keeperen.

Andre omgangen starter med HFK-press mot Tollnes målet og damene kombinerer fint pasningspel og gode løp fleire gongar innleiingsvis i omgangen. Tollnes får så ein corner etter eit sjeldan besøk i HFKs 16 meter. Etter litt klabb og babb hamner ballen på 18 meter og Tollnes reduserer på et flott skot i krysset utakbart for HFKs keeper Ida Berg. HFK svarer umiddlebart og Kvåle Myksvoll scorar sitt første av to mål på ein fin overgang. HFK sin toppscorar denne sesongen Sunneiv Syversrud viser stor teknikk og balanse når ho driblar 3-4 Tollnes spelarar og lurar keeper nok ein gong til 6-1. HFK styrer spelet på Hallingmo heilt og fullt og kostar gjerne på seg eit par dragningar ekstra når moglegheita byr seg. I det 78 minuttet får HFK straffe etter at ein Tollnes forsvarer handsar inne i 16-meteren. Straffa sett Syversrud like sikkert som ho har gjort kvar gong denne sesongen og det står 7-1 til HFK. I det 86 minuttet får HFK corner. Corneren detter ned i beina til Kvåle Myksvoll som banker den inn i net-taket frå ca. 5 meter til 8-1.

HFK vinner 8-1, ein komfortabel seier mot eit Tollnes som i dag framstår som svakare enn da laga møttes i vår. Dette var siste heimekampen og HFK-damene har no to tøffe kamper igjen, borte mot Åssiden IF og Tønsberg FK. HFK ligger med dagens seier på fjerdeplass, to poeng foran Åssiden og med sju poeng opp til tredjeplassen på tabellen.

Referat: Henrik Johansson Thorset



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc