Storseier for HFK-damene mot Stokke/Vear!

Postet av Hallingdal kvinner senior A den 24. Aug 2015

HFK damer-Stokke/Vear damer 15-0(6-0)

Målscorarar for HFK: Sunneiv Syversrud 6, Marthe Botten 2, Mucho Lixene 2, Cheyenne
Gonzalez 2, Anja Flæte 2, Ingvild Kvåle Myksvoll

Tilskuere: ca. 50
Dommar: Emil Huso Opsahl Lillehammer FK
Lag oppstilling: Ida Berg, (HB) Hanne Vedvik (MS) Camilla Livgård Jensen, Ida Marie
Pretorius(VB) Tonje Hagen (Def MB) Marte Botten, Sunniev Syversrud (Off MB). Anja
Flæte, Linnea Johansson Thorset, Ingvild Kvåle Myksvoll (Spiss) Mucho Lixene Reserver:
Silje Modalen(35min), Helene Gjengedal(32 min), Cheyenne Gonzalez (40min)

HFK-damene innleia haustsesongen sist helg med 3-3 mot Modum heime på Hallingmo. Det
var ein kamp som ikkje svarte heilt til forventningane. Derfor var HFK-damene fulle av
revansjelyst da dei tok imot Stokke/Vear sitt unge damelag på ein heimebane i strålande sol
og 25 grader.

KAMPREFERAT

HFK-damene tok tak i kampen frå start og det skulle vise seg at gjestene skulle få ein tøff dag
på Hallingmo. 1-0 blir rulla opp frå venstre kant da Tonje Lauvdokken Hagen finner Mucho
Lixene med eit gjennomspel og ho plasserer ballen til side for Stokke/Vear keeperen allereie
etter 7 minutt. 2-0 og 3-0 scorar Anja Flæte frå høgre kant begge mål etter gjennomspel av
Sunniev Syversrud. HFK kan spela ut heile sitt register og har bod på fleire mål før damene
får en velfortent drikkepause midtvegs i omgangen pga. varmen på Hallingmo. HF-damene
fortsett storspillet og det er Ingvild Kvåle Myksvoll som enkelt setter 4-0 frå ca. 7 meter etter
halvtimen spelt. Marthe Botten scorer sitt første mål i HFK-drakt denne sesongen på eit
langskot som keeper ikkje klarer å holde til 5-0. Like etterpå snappar Sunneiv Syversrud opp
returen etter eit frispark og setter sitt første for dagen og til 6-0 for HFK. Det skulle vise seg at
nemnte Syversrud skulle sørgje for at Stokke keeper fekk nok å gjere denne dagen, og utover i
kampen. Lagene går til pause på stillinga 6-0, ein leiing som kunne ha vore mykje større med
litt større presisjon i avslutningane frå HFK-damene si side. Etter pausa økte Lixene og Botten
på til 7-0 og 8-0. Så var det dags for Syversrud å betra på toppscorarstatistikken sin.
Syversrud scora ikkje mindre enn 5 gangar dei neste 30 minuttane. Cheyenne Gonzalez
noterer seg også for 2 mål mot slutten av kampen etter eit gjennomspel frå Myksvoll og på eit
innlegg frå Botten. HFK-damene var totalt overlegne sine motstandar i denne kampen og går
med seier i dag opp til 4 plass i 3 div. 3 div BTK/VFK/TFK er ein tett serie som blir svært
spennande å følgje med på utover i haust. Neste helg skal HFK-damene gjeste serieleiaren
Urædd 2 - eit lag som HFK damene slo heime i vår.

Referat: Henrik Johansson Thorset

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.