5-0 til HFK-damene på ein «middels» dag!

Postet av Hallingdal kvinner senior A den 21. Sep 2015

19/9 Hallingdal FK damer- Drangedal IL 5-0

Mål HFK: Cheyenne Gonzalez 3, Mucho Lixiene, Marthe Botten

Corner HFK (5), Drangedal (1)

Dommar: Emil Huso Opsahl Lillehammer FK

Startoppstilling; MV Ida Berg VB Hanne Vedvik, MS Marthe Botten, Ida Marie Pretorius, HB Silje Modalen, MB Sunneiv Syversrud Ingvild K Myksvoll, Linnea Johansson Thorset, Ingrid Johansson Thorset, Spissar Mucho Lixiene, Cheyenne Gonzales

Reserver Gro Rasmushaugen, Vilde Thorberg, Tonje Intelhus

Drangedal sine damer har innleia hausten med 4 poeng på 3 kamper og ligg no på ein 9. plass på tabellen før dagens kamp på Hallingmo. HFK manglar blant anna sin midtstopper og kaptein Camilla Livgård Jensen til denne kampen. Derfor danna Marthe Botten midtstopparpar med Ida Marie Pretorius i eit HFK som spelte i en 4-4-2 formasjon mot Drangedal.

HFK hadde ingen store problem med Drangedal og slepper ikkje til nokon ting bakover i denne kampen. Drangedal sitt lag sliter veldig med tempo og fart. Når HFK damene setter opp tempo på ball og bevegelsar utpå banen får Drangedal store problem, men Drangedal prøver stadig vekk å dra tempoet ned og Hallingdal lar seg dessverre lure med til tider i denne kampen. 1-0 setter Cheyenne Gonzales bak en litt uheldig keeper i Drangedal målet da ho tok i mot eit gjennomspel frå Mucho Lixiene. HFK misbrukar så mange sjansar til å auka leiinga og det blir nok ein gong Gonzales som scorar da ho utnyttar eit dårleg utspel frå keeper til 2-0. 30 minuttar ut i omgangen får Vilde Thorberg sin debut på seniorlaget. Ho takkar for tilliten ved å servere ein flott 30 meters pasning i bakrommet som Lixiene enkelt kan plassere til side for keeper. Sunneiv Syversrud har mulighet til å auke på til 4-0 rett før pausen, men skuddet går dessverre knallhardt i tverrliggaren. Laga går til pause på stillinga 3-0 til HFK.

I pausa får HFK beskjed om å sette større tempo på ballen og at dei må ha fleire og raskare bevegelsar både med og utan ball. Andre omgangen starter dessverre litt der den første slapp, og HFK blir nok ein gong litt med på det lave tempoet som Drangedal har. Det er Marthe Botten som scorar 4-0 på eit langt frispark. Eit frispark som kanskje Drangedal keeper borde ha boksa ut, men den smetter inn rett under tverrliggaren over keeperen til Drangedal som nok er litt feilplassert. Siste del av kampen setter endelig HFK-damene opp tempoet og produserer eit hav av sjansar, men Drangedals keeper reddas fleire gongar av stolpen, tverrliggaren og litt dårlige avslutningar. I det 80 minuttet sitter ballen i mål og det blir Gonzales som scorar sitt tredje mål for dagen etter ein flott pasning frå Syversrud. Kampen ender 5-0 til Hallingdal, et resultat som kunne ha vore mykje større med litt meir presisjon i avslutingane.

HFK-damene er sjølvsagt fornøgde med tre poeng mot Drangedal, men det mangla litt tempo i pasningar og bevegelsar innimellom i denne kampen. Dette retter vi opp mot Holmestrand neste helg:-)

Referat: Henrik Thorset


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.